logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Oppskrifter med kvit geitost

Rista kvitost
Til denne kveldsretten kan du godt bruke tørr, «ubrukeleg» ost.
Skjer osten i terningar.
Varm steikepanna godt opp. Ha i litt olje og krydder, evt kvitløk.
Ha osten i panna. Rist litt på panna av og til, så osten ikkje set seg fast.

Speilegg med osterasp

Steik speilegg.
Rasp kvitost over under steiking.

Salat med kvitost
Blandsalat.
Rasp kvit geitost og strø over

Kjøtkaker med kvitost
Mal kjøtet til kjøtdeig.
Rasp kvitost og tilset i lag med løk

Tytebercoli
Knus 1 dl tyteber
Ha i 1 ts sukker, ½ dl kvitvin og ½ eggeplomme
Visp saman
Et i lag med løvetannsalat og sognaost

Fikenchutney
Skjer fiken i tynne skiver. Kok dei i litt vatn til dei er møyre
Ha i saft av lime eller sitron. Kok opp att.
Ha i litt konjakk og server med kvit geitost

Fikenskjeve
Ta ei brødskjeve og rist i olje
Legg på ei skjeve med kvitost
Topp med litt fikesyltetøy

Fingermat-potekake
Smør ei potekake/vestlandslefse med romme
Legg på nokre salatblader
Strø på løk eller purre
Legg på spekeskinke, spekekjøt eller spekepølse
Strø over ost
Rull saman, kutt i bitar, set tannpirkar i og server!