logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Ostestenger, oppskrift for 250 g ost

250 g riven vellagra ost
2 ½ dl kveitemjøl
150 g smør
Ev. 1 lite fedd kvitløk
Ev. 2 ts finmalen skorakung
3 ½ ss iskaldt vatn
Ev. samanpiska egg til pensling

For hand:
Smuldre smør og mjøl, og etter kvart ost, med fingertuppane. Tilset vatnet, arbeid deigen raskt saman og set han i kjøleskap ein times tid. Han vert då lettare å kjevle ut.

I matmeltar:
Køyr nokre sekundar blandinga mjøl, smør og raspa ost til blandinga vert som store gryn. Drypp så i vatnet gjennom matrøret medan maskina er i gang. Deigen er ferdig når han byrjar å forme seg til ein ball. Hald fram som skildra over.

Kjevle tynt ut, ca 2-3 mm, pensle med egg, dryss med litt riven ost. Skjær i 1 cm breie stenger med pizzarull. Steikast i omnen ved 225° C i 10-12 min, kjøl ned på rist, oppbevar i tett boks