Underdalspirogar – ein fin liten kveldsrett
300 g butterdeig
1 eggeplomme
Fyll:
Raspa Kvit Undredal
Paprika
Sennep
Evt litt løk/kvitløk og bruna kjøtdeig
Skorakukng, salt og pepar
Slik gjer du:
Finhakk ingrediensane, bland saman og smak til med krydder. Kjevle ut deigen til 33 x 33 cm. Skjer i 9 kvadrat a 11 cm. Fordel fyllet på kvadrata, pensle med eggeplommen og brett over slik at det blir ein trekant.
Trykk deigkantane saman med ein gaffel og legg pirogane på eit steikebrett som er fukta med vatn. Steik dei gyllenbrune i omn ved 225 ° i 12 – 15 minutt.
Et med salat og eplesaft frå Balholm

