logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Slik bruker vi kvit geitost

Start med flatbrød eller tynne kjeks. Skjer tynne skjever av spekjekjøt eller spekjeflesk og legg oppå. Kvit geitost og rømme på toppen. Dette er snadder med noko godt å drikke attåt!

Kvit geitost er og godt på knekkebrød til kaffimat.

Oppbevaring: Me oppbevarer osten i frysaren. Me kjøper ein heil ost, deler den opp i ”kakebitar”, pakkar kvar enkelt bit i folie eller plastpose og legg alle delane i ein plastboks med tett lok. Slik kan han oppbevarast lenge. Ta opp så mykje du treng, tin osten i romtemperatur til han er halvtint. Legg han deretter i osteklokke i kjøleskapet. Me har mest erfaring med den salte.

Målfrid Norheim, Høyanger