logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Rabarbrasuppe med kvit geitost frå Undredal

rabarbra-suppe-med-kvit-geitostDå eg i 1963 kom til Frønningan, hadde eg kjennskap til brun geitost. Det var noko som vart innkjøpt til ”best” – jul og når det kom sommargjester. Eg likte godt å ete den på skiva. Men den kvite osten hadde eg aldri verken sett eller smakt.

Då eg på vårparten 1964 byrje vandre Buadalen, vart det mange gode måltid hjå mi kommande svigermor. Og der i huset var det like vanleg med kvit geitost på middagsbordet som eg var van med flatbrød. Øye løge, spør du ein systrending! Det gjekk nok ei stund før eg torde prøve dette nye, men jammen var det godt, særleg til spekesild og ertesuppe!

Men så dukka rabarbraen opp i hagen, og då vart det endå meir løge å sjå! Tenk, dei hadde kvitost oppi kokande varm suppe! Osten smelta, og så var det å ete. Dette vart eg slett ikkje fortruleg med, men alle andre naut denne desserten. Eg tykte det var best å ete kvitosten kald attåt suppen. Dette heldt eg fram med heilt til etter Undredalsbesøket vårt i 2008, men no kan eg ikkje tenkje meg mykje som er betre enn varm saftsuppe med kvitost oppi. Mange av dei unge, barnebarn, tanteungar osv har fått smake. Alle tykkjer det er ein rar rett, men dei fleste vil smake fleire gonger.

Astrid Svedal Buene, Leikangar