logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Rabarbrachutney

RabarbrachutneyTakk for sist på Lærdalsmarknaden!

Her er oppskrifta vi snakka om. No står chutneyen min og kokar, ventar berre på å bli servert saman med kvit geitost frå Undredal eller kyllingfiletar!

Rabarbrachutney

  • 1,5 – 1,7 kg rabarbra
  • 3 – 5 rødløk
  • 1 dl 7% eddik
  • 3 dl vatn
  • 3 dl rosiner
  • Ca 30 gr finhakka fersk ingefær

Skjær rabarbra i betar, løk i skjever eller hakk meir. Bland i ei panne og kok under lok i 10 min.

  • 12 dl sukker
  • 1 stroken ts nellik

Tilset. Kok vidare utan lokk til chutneyen tjuknar (ca 30 min). Fyll på reine glas.

Ønskjer dåke ein fin sommar,
Mvh Åshild Orrebakken