logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Geitost i fryseren

Hei! kjøpte Kvit Undredal mellomlagra på Haustmarknaden i Lærdal 2010. Eit stykke av denne hadde eg i frysaren i ca 2,5 mnd.

Då eg skulle bruke han, gjekk det heilt greitt. Han virka tørrare enn han er når han er fersk, men han var like god. Vi skar han opp i ein halv cm tjukke skiver og brukte han til rakfisk. Han datt litt frå kvarandre, men var som sagt like god. Å bruke ostehøvel gjekk ikkje. Men vi kjem nok heilt sikkert til å kjøpe meir, og eg kjem nok til å fryse meir viss eg skal lagre han litt lenger.

Til jul så kjøpte vi også to andre geitostar for å prøve litt forskjellig, men utan tvil:
KVIT UNDREDAL ER BEST!

Helsing Kristin Evensen, Lærdal