logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Haust i Undredal

Hausten er definitivt her. Geitene er henta heim frå stølen, me har fått heim killingane som har gått på hi sida fjorden, Mobilslakt har gjort sin jobb. Hjortejakta er på det næraste over, møka er komen ut på marka. Folk og landskap går over i kvilemodus, i alle fall kan det sjå slik ut på avstand.

Me gler oss til å følge med på programmet Det Norske Måltid på TV2. Det skal gå kvar sundag fram til 11.desember. Osten vår er komen til den nasjonale finalen, og me er spente på å sjå korleis den og resten av lokalmat-Norge vert presentret for sjåarane.

Alle som har ei oppskrift, ei historie eller tips om oppbevaring av osten vår er velkomne til å sende oss ei melding. Det er stor sjanse for at ho havnar under «Oppskrifter» her på nettsida. Det er og mogleg å klikke «Bestill nyheitsbrev», så får du e-post kvar gong me legg inn nyhende.

Ha ein fin haust, alle saman, kos dykk med ost og anna god mat!