logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Så var mjølkesesongen over for i år!

Oss har gjort kva gjerast skulle, ysta ost og mjølka geit! Geitene får no berre mjøl og tilsyn ein gong for dagen, elles går dei på «rakadis», som me seier her. Men me har bra med ost på lager, så me håpar å ha nok til marknader ut over hausten og til alle som tingar på Underdalsbui.

Om nokre dagar kjem Mobilslakt til Aurland og hjelper oss med kortreist slakting av geiter, bukkar og killingar. Resten av buskapen går på dalen, over fjorden og i Nærøyfjorden, men me kjem til å sanke dei før vinteren set inn. Det betyr store naturopplevingar og god trim for geitebøndene i Undredal.

Elles kan me melde at Mattilsynet har vore på synfaring, og at me har fått regodkjent ysteriet etter alle lover og forskrifter. No går både folk og fe inn i ein rolegare periode, før det brakar laus att med kjeing  i januar og ystestart i februar.