logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Gull til Undredal! – Bondens Marked i Bergen!

På Landsutstillinga for gardsost, som Norsk Gardsost arrangerte i Stavanger tidlegare i år, vart Sognakvitost frå Undredal Stølsysteri tildelt gullmedalje. Det er ein kvit geitost utan tilsett salt, som har vore vanleg i Sognabygdene i fleire mannsaldrar. Me sel mykje av den når me er på marknad i Aurland, Lærdal og Luster, til dømes.  Viss du tar ein titt på «Oppskrifter» på nettsida vår, vil du finne ein del oppskrifter og bruksområde for denne osten.

Den 26. november stiller vi på Bondens Marked i Bergen. Det er ystaren vår, Huib van der Horst, som står bak disken denne gongen. Han har med seg Kvit Undredal (med salt), og Brun Undredal. Den brune er voksa, sidan det er ei stund sidan sesongslutt, og me vil at osten skal halde seg til jul og endå lenger. Vil du at me skal ta med Sognakvitost, send ein e-post, så gjer me det!

Me blir også på julemarknaden, som er 9.-11. desember same stad. Meir om det i neste nyheitsbrev.