logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Våren kjem!

Me hadde ein fantastisk dag på Bryggen i Bergen sist helg: Sol og vindstille, mykje folk og berre blide fjes å sjå. Her i Undredal er det og vår for alle pengane. På bildet ser de ysteriet saman med Undredalselva og dei majestetiske fjella som omgir oss. Om det snødekte fjellet Jonadalsnosi til høgre, står det i Underdalssongen:

 

Ja, Jonadalsnosi er rørsleg å sjå, helst når ho om vintren har snøkåpa på.   Då stend ho så høgreist og mektig i dalen: Som dronning ho tronar, den fremste i salen.