logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Marknadssesongen i full gang

Siste helga i mai kjem me til Bergen for å selje pinse-ost på Bryggen. Dei tre siste helgene i juni er me å finne på fire marknader, om alt går etter planen: I Gaupne, Bergen, Lærdal og Jondal. Me gler oss til å møte kundane.

Har du lyst på nye idear til bruk av Undredalsost? Ta ein titt på «Oppskrifter». Der er både tradisjonelt og nytt i matvegen. Me ønskjer alle ein strålande sommar!