logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Fint besøk

Tysdag 3. juli hadde me fint besøk på ysteriet. Vår nye landbruksminister, Trygve Slagsvold Vedum, kom i følge med representantar for kommune og fylke. Alle saman fekk ei orientering om historien bak Undredal Stølsysteri og omvising frå mjølkemottak til mogningslager. Besøket vart avslutta med ein smak av Sogn, dvs brunost, kvitost, geitepølsa og eplesaft, som Leif Inge Underdal serverte på tunet.

Då får me berre håpe at kornbonden frå Hedemarken kjem i hug vestlandsbøndene når han utformar politikken i tida framover.