logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Så er me komne til Langhuso

Den 25. juli var det bufardag. Då tok me med oss geitene og gjekk frå Melhus til stølen Langhuso, som ligg 6 km frå bygdi. Me gjekk på den vakre, gamle bufarvegen, mens mjølkestallen måtte ta bilvegen. No må me igjen bruke transporttanken for å frakte mjølka ned til ysteriet på Melhus kvar dag.

Me takkar for sist til alle me møtte på marknad i Fortun og Bergen i juli, og alle som har vore innom Underdalsbui i sommar. No ser me fram mot Matfestival i Bergen og Matstreif  i Oslo. Det går voldsomt med ost for tida. Difor kan me ikkje by på alle mogningsgrader av kvitost, men brunost har me nok av.

Helsing oss på Undredal Stølsysteri