logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Frå Matfestival til Matstreif

Helga 7.-9. september krydde det av folk  på Bryggen i Bergen. Det var matfestival på sjøsida og ølfestival i Bryggestredet. Undredal Stølsysteri er strålande nøgd med stemninga og salet. Bildet viser gata mellom bodane i den mest hektiske tida på laurdagen. Foto: Aud Slettehaug

No er me spente på å sjå om det går like bra på Matstreif på Rådhusplassen i hovudstaden til helga. Me har med Brun Undredal i fleire storleikar og innpakningar, og fleire lagringskategoriar av Kvit Undredal. Litt vellagra kvitost har me og, men ver tidleg ute viss du vil sikre deg ein bit av den.

Fredag går salet frå 11:00 til 20:00 og laurdag frå 10:00 til 18:00. Me har mobilisert slekt og vener i Oslo-området for å møte matglade austlendingar, så vel møtt, alle saman!