logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Haust

Det nærmar seg siste ysting på Undredal Stølsysteri. Mjølka minkar i geitene og dei skal snart få konsentrere seg om å bere fram nytt liv og samle krefter til kjeing i januar.

Me har bak oss mange fine marknadsdagar. Særleg her i Indre Sogn er folk opptekne av å skaffe seg ost til rakfisken. Då er det helst Sognakvitost, den tradisjonelle kvitosten vår utan salt, dei vil ha. For alle dei som ikkje er så vande med rakfisk hentar me fram ei oppskrift som har lege under «Oppskrifter» lenge. Me takkar Ketil Natvik for fint bilde og fin tekst. Kos dykk om haustkveldane!

Rakfisktallerken

rakfisktallerkenHer er bilete eg har teke av rakfisk og kvit, usalta geitost. På serveringsfatet er det rakfisk frå Valdres, kvit geitost får Undredal, raudlauk, kepalauk, rømme frå Tyssen gard, salatblad og kruspersille. Server med mandelpotet. Dette er slik eg lærde å ete rakfisk av onkelen min, Sverre Natvik, som var frå Lærdal.

Ketil Natvik, Bergen