logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Brunostelskarar – elsk i kveld!

Aftenposten sitt magasin Mat fra Norge har vore på besøk. Resultatet kan du sjå i oktoberutgåva (nr 6), eller lese under Presseklipp på nettsida vår, www.undredalsost.no. Viss du er ein kakemoms kan du skrive ut oppskriftene frå Oppskrifter

Me stiller på Bondens Marked i Bergen den 27. oktober. Sidan det nærmar seg jul og me veit at nokre av kundane våre vil vere tidleg ute med julegåvene, tek me med voksa brimost, eller Brun Undredal, som den heiter offisielt. Det kan hende me finn nokre få vellagra kvite å ta med. Elles blir det rikeleg med mellomlagra. Men på julemarknaden skal me i alle fall ha med både vellagra og mellomlagra Kvit Undredal. Sjå på lista under for å finne datoane