logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Hurra!

Me driv ekstrem-landbruk, me geitebøndene på vestlandet. Fjella er bratte, fjordane er djupe, og geitene tar seg lett fram der ingen skulle tru at nokon kunne gå. Desse killingane har ikkje vore nær menneske sidan juni, men med hjelp av ein sprek spanjol kom dei ned til fjorden og i hus før snøen gjorde livet vanskeleg for dei. Derfor jubelen.

På laurdag blir det spennande! For første gong skal me vere med på Bondens Marked på Torget, like ved den nye Mathallen i Bergen. Me har store forventningar. Marknaden er open frå 10.00 til 16.00 som vanleg. Me blir over 20 produsentar som stiller opp for bergensarane. Kjem du?