logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Årets ost!

Kvit Undredal er Årets ost. Det vart kunngjort på finalen i TV2 sin serie Det Norske Måltid som vart sendt 5. januar i år.

Årets ost 2012

Me er glade og stolte over hederen, og me takkar alle som har sendt oss helsingar i samband med prisen. Kvardagen for ein geitebonde på vestlandet er lite glamorøs, og gull er definitivt ikkje det metallet me har mest kontakt med. No har me feira prisen med champagne, ostevannbakkels (med vellagra Kvit Undredal) og kinesiske lykter. Me har til og med oppretta vår eiga facebookside, slik at det skal bli lettare å følge oss.  Send oss gjerne spørsmål og tilbakemeldingar!

Viss du lurer på kvar du får tak i Undredalsost, så kan du sjå på «Bestill og kjøp». Me vil snart legge ut oversikt over alle marknader me skal delta på det komande året. Veit du om ein butikk eller restaurant som sel/serverer osten vår? Send oss ei melding, og me vil legge det ut.

Då var det tilbake til fjøsen for å ta imot nye killingar!