logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Vinterdvalen er over

Hei, alle ostevener! Kulda har sleppt taket, og det er ikkje fullt så mørkt om morgonen lenger. Innimellom fjøsstell og osteoppgåver stikk me til fjells og ladar batteria. Bildet er frå Brandsetdalen rett over grensa til Hordaland/Voss.

Vinterfjell

Nokre trufaste kundar har lurt på kvifor me ikkje var med på årets første Bondens Marked i Bergen. Forklaringa er at først måtte geitene få killingar, slik at mjølkeproduksjonen kom i gang. Så kunne me begynne å køyre mjølk til ysteriet, som ligg 2,5 km oppe i dalen. Første brimostane vart pynta same dag som Bondens Marked gjekk av stabelen, så det var ikkje mogleg å stille i Bergen. Men komande laurdag, 23. februar, skal me vere på plass på torget. Me kjem til å ha med oss Brun Undredal og Kvit Undredal, mellomlagra og vellagra. Ein Sognakvitost blir med til vår faste sognakunde. Alle som bur for langt unna, eller skulle ha fyllt opp lagra i butikken sin, kan vende seg til underdalsbui@visitundredal.no, så får dei tilsendt Kvit og Brun Undredal.

Då gler me oss til ein ny sesong med god mat og hyggeleg prat. Helsing oss på Undredal Stølsysteri SA