logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Oslo neste!

Til helga pakkar me bilen full og reiser til Oslo. På laurdag blir me med på Bondens Marked på Valkyrie Plass. Bodane er opne frå kl 10.00 til 16.00.

Sundag skal vi vere med og markere at Sogn og Fjordane fylke er 250 år. Det blir mykje liv og leven mellom kl 12.00 og 19.00. Sjå www.framtidsfylket.no for meir info.

Me har med vellagra Kvit Undredal opp til eitt år gamal, og så tar me med litt av årets første kvitost frå februar. Brunost blir det i alle variantar.

Andreas ystar

På bildet ser de den nye ystaren vår, Andreas, i arbeid.