logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Til støls!

Det har vore ein knallhard vinter, men no er det gløymt. Geitene kom seg til støls 21. mai, så heretter er det uteliv på dei dag og natt. Ein kjekk spanjol mjølkar for oss inntil budeia kjem. På Melhus-stølen skal me vere like til Fjord- og Geitostfestivalen i Undredal, som varer frå torsdag 25. til sundag 28. juli. I morgon, laurdag, 25. mai, er me å finne på Torget i Hansabyen Bergen. Så går det slag i slag med marknader rundt omkring gjennom sommaren og hausten. Les meir om det under «Kjøp og bestill».

Bondens Marked Bergen

No kan me tilby både mellom-, vellagra og eldgamal Kvit Undredal og sjølvsagt Brun Undredal i forskjellige storleikar og innpakningar.