logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Ser ikkje dette godt ut?

Betasuppe med Sognakvitost er kjempegodt! Det et me alltid i Ungdomshuset 17. mai, der heile bygda er samla. Men det er stort sett berre sogningar som har oppdaga denne fabelaktige kombinasjonen. Kom til Lustramarknaden i Gaupne laurdag 8. juni, så får du kjøpt rette osten!

Byfolk held seg til Kvit Undredal, og det får dei på Torget i Bergen, nærare bestemt ved Skur 11. Det er Bondens Marked og Torgdag, og mykje kjekt som skjer i byd’n. Brun Undredal er laurdagsgodt for både by og bygd.

Betasuppe med Sognakvitost

I det siste har Kvit Undredal blitt servert i ostesaus til ferske asparges på Mat- og vinmessen i Oslo, og gåvepakningane våre med Brun Undredal har vore på kick-off på Sola flyplass. No skal det bli Ureist Mat på flyplassane! Ja, Undredalsosten får jammen oppleve mykje!