logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Langhuso

P1030489I dag buforte me til Langhuso. I strålande sol vandra me gamlevegen frå Melhus, der ysteriet ligg, til sommarstølen oppe ved E16. Geitene får nytt beite og me som mjølkar dei får vere på den trivelege selbøen der spora frå gamle tider er mange.

Elles er Fjord- og Geitostfestivalen i gang. Ei gruppe på 40 vandra frå kyrkja og ut til slåtteteigen på Stokko i formiddag. Festivalkontoret er opna, og syner ei flott utstilling av bilete frå boka «Undredal og fjorden – ei reise attende» av Ole Fretheim. No er det musikk og quiz på brygga. I morgon blir det tur til høgdagarden Nedbergo med konsert høgt over Aurlandsfjorden, det blir kajakkurs og natursti, kapproing, konsert med Nordstoga og dans på brygga. Festivalen varer heilt til sundag, så det er enno råd å vere med for den som ikkje har bestemt seg.