logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Sommar!

Brita m langorv 800p2

Det er ikkje for ingenting at Undredal er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap. Me får slite med bratte bakkar der mengde innhausta for ikkje står i forhold til arbeidsinnsatsen. Ei turistdame gjekk forbi slåttejenta Brita her om dagen. Ho viste tommel opp og ropte at det vart så vakkert når bakkane vart slegne. Takk for tilbakemeldinga – mennesket lever ikkje av brød aleine!

Det nærmar seg Fjord- og Geitostfestivalen i Undredal. Kom til oss 25.-28. juli! Meir info på Facebook.