logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Stengd veg – open fjord

Det er så underleg stilt langs vegen for tida – lite turistar i bygda og lite bilar på stamvegen mellom Langhuso og Flåm/Aurland. Den fæle brannen i Gudvangatunnelen har liksom stoppa blodstraumen i vår travle turist- og gjennomfartskommune. Me ventar på at tunnelen skal bli vølt og livet forsette som før. Planen er å vere med på Bondens Marked i Bergen 24. august, men tida får vise kva det blir til. Til Matfestivalen 6.-8. september håpar me i alle fall at vegen er opna.

G og pilladn i MorkiMen fjorden ligg der open og ønskjer oss velkomen. Bildet er frå sist veke, då me flytta geitekillingar til eit beite langs Nærøyfjorden, der dei får vere saman med nokre kjekke bukkar.