logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Rakfiskfestival!

Me har gjort forsøk på å komme oss på Rakfiskfestivalen to gonger før, men måtte begi planane. Denne gongen, derimot, blir det festival i to heile dagar. Frå Lærdalsmarknaden veit me at rakfiskentusiastar er glade i Sognakvitost, så me tar med rikeleg av den. Men smaken er som baken, den er delt. Difor tek me med oss Kvit Undredal også.

Brun Undredal tar me med som sikringskost. Du kan velje mellom voksa og uvoksa, avhengig om du skal ta på (= begynne å ete av) osten dagen etter eller spare han til jul.

rakfisktallerken-2-280x210

Bildet fekk me av Ketil Natvik for nokre år sidan. Les meir om den herlege rakfisktallerknen under «Oppskrifter».

Vel møtt på Fagernes 1. og 2. november!