logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Nytt år, nytt liv

I dag legg me 2013 bak oss. Det har vore eit spennande år. Me fekk pangstart med kåringa av Kvit Undredal som Årets ost i Det Norske Måltid. Me oppretta facebookside og fekk dermed ei enno større kontaktflate med dykk osteelskarar. Me har sett rekord med deltaking på marknad. Og me har vore med og arrangert tidenes Geitostfestival i heimbygda vår.

Nyttårspillane som vart fødde i dag symboliserer alle moglegheitene som ligg framom oss. Takk for følget så langt, me håpar de blir med oss inn i framtida!Nyttårspillane