logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Bondens Marked

BBC, vaflar og brimost

På laurdag er marknadsssesongen i gang att: Me stiller på årets første Bondens Marked på Fisketorget i Bergen. Me har med oss mellomlagra, vellagra og eldgamal Kvit Undredal. Me har og Brun Undredal. Den er frå i fjor haust, sidan me enno ikkje har starta opp produksjonen.

På videoen under ser de korleis det gjekk då me fekk besøk av eit matteam frå BBC. Dei ville ha ekte norsk mat, og difor kom dei til Undredal. Innslaget vårt er fem-seks minutt ute i filmen.

.http://www.youtube.com/watch?v=CX2ChFYlxLc