logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Filmen om brunosten på engelsk og italiensk

I juli 2012 la me ut ein film og brunosten som var teken opp her i Undredal. No er filmen komen med engelsk og italiensk tale. Her finn du filmen, både på italiensk, engelsk og norsk.

Elles kan me melde at me er i gang med ny sesong på ysteriet. Andreas ysta for første gong fredag, og Gunhild kokte brimost dagen etter. På Bondens Marked laurdag 22. februar blir det fersk brimost å få kjøpt. Underdalsbui skal og få sitt. Så kjem andre kundar, store og små, i tur og orden.

På bildet ser du nokre av neste års mjølkeprodusentar.