logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Print

Fritterte ostebollar med salsa

Ostebollar

Ostebollar med salsa70 g kveitemjøl
1/2 dl olivenolje
1 1/2 dl vatn
2 piska egg
75 g vellagra eller eldgamal Kvit Undredal
1/2 ts paprikapulver
salt
pepar
1 flaske solsikkeolje til fritering

Tomatsalsa

2 ss olivenolje
1 lauk, finhakka
1 kvitlauksfedd, knust
litt tørr kvitvin
400 g (hermetiske) hakka tomatar
2 ss tomatpurré
1 ts chilipulver
nokre dråpar tabascosaus
1 klype sukker
salt
pepar

FRAMGANGSMÅTE
1: Ostebollane: Sikt mjøl på eit matpapir. Ha oliveolje og vatn i ein kjele, og kok langsamt opp. Så snart vatnet kokar, trekkjer du kjelen av plata og heller oppi alt mjølet. Rør saman med ei tresleiv til du får ein glatt deig som slepper sidene i kjelen.

2: Avkjøl blandinga i 1-2 minutt, og tilset egga eitt etter eitt. Pisk hardt mellom kvart egg, og syt for at deigen held seg fast. Tilset raspa ost og paprikapulver, og smak til med salt og pepper. Rør godt. No kan du setje deigen i kjøleskåpet til ostebollane skal steikast.

3: Salsaen: Varm olje i ein kjele, tilset lauk og lat han surre i 5 minutt til han er mjuk, men ikkje brun. Tilset kvitlauk, og steik i 30 sekundar til. Tilset vin, og lat boble før du tilset resten av salsaingrediensane. Lat salsaen småkoke utan lok i 10-15 minutt til ein tjukk saus. Ha i meir chilipulver og tabascosaus dersom han smakar for tamt. Hell oppi ei fin severingsskål.

4: Fritering av ostebollane: Dette er det siste du gjer før maten serverast. Varm olje i ei gryte eller fritygryte til 180°. Drypp små klumpar deig med teskei ned i olja, nokre i gongen, og steik i 2-3 minutt, til dei blir gyllenbrune og sprø. Bollane skal stige opp til overflata og blåse seg opp. Bruk ei tresleiv for å hindre at dei set seg fast i botnen. Ta dei opp og lat dei renne av på eit kjøkenpapir. Er dei framleis mjuke inni, må du lage mindre bollar. Server ostebollane varme og bruk salsaen som dip.

Ha eit hyggjeleg måltid!