logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Tek kvar og ein sin vesle stein

– vert snart vår åker rein! Det er ein lang prosess som ligg bak ein ost. Ikkje berre skal me mjølke geitene, men dei må ha for, og då må me dyrke gras. Steinplukking høyrer med før me kan så. Steinplukking er ikkje den mest populære jobben på ein gard, men kven kan klage over arbeidsforholda når ein har slik natur omkring seg?

Steinplukking 1000pPå laurdag kjem me til Bergen att med kvit og brun geitost. Det er meldt T-skjortevær, så det blir nok folksamt og god stemning på Bondens Marked denne gongen.