logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Livleg i fjøsen

Godt nytt år til alle vener av undredalsosten! Me gjekk frå late dagar i jula til travle dagar i det nye året. Kjeinga har vore overraskande sentrert rundt den første veka i året, og bra er det for oss som skal ta imot killingane og hjelpe dei å suge og lære honene (førstegongskjearane) å bli mjølka. No byrjar rutinene å sitte, både for folk og småfe.

Kjeing liteUndredal er for tida dekt av ei lita snøkappe. Det er kaldt og fint ute, og slik håpar me å få ha det ei stund framover. På Underdalsbui er det kvitost, men sørgeleg lite brunost å få kjøpt. Men hald ut ein månad til, så skal det bli brunost på alle som vil ha!