logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Nam nam!

Når det regnar på presten så dryp det på klokkaren, og når bonden køyrer silo så får geitene pressaft.

Det er ikkje lett å få tørka høy i det skiftande vêret me har om dagen. Då er det godt å ha silo som alternativ. Geitene elskar silopressaft, så her kjem alle ressursane til nytte, nett som i mjølka vår: Kaseinet blir til kvitost og mysa blir til brunost og ingen ting går til spille!