logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Historiar

Barndomsminne

barndomsminne-1barndomsminne-2

Eg er fødd og har budd heile livet i Lærdal. Mor mi varfrå Veitastrondi og hadde ei syster som hadde geiter, og fekk difor ost derifrå.

Det som eg likte aller best med den kvite geitosten var når me fekk lov å skjera bitar i kvit mjølkehavresuppe. Den måtte vera varm og då vart det seige bitar å tyggje på, nam-nam!

Også til å smelta litt brunost i mjølkesuppa var godt, hugsar eg. Dette er gode minne som eg gøymer på og fortel barnebarna.

Venleg helsing Karin Bjørkum, Lærdal

Gasta ost!

Sidan underdølene er kjende for å ha den beste osten i heile Sogn, må eg bidra med denne historien. Den vitnar om at osten i gamle dagar hadde stor betydning i hushaldet:

Ein bonde i Seimsdalen var ein dag reist opp i marka for å løypa tømmerstokkar på den snødekte og frosne marka. Tilfeldig hadde ei husmannskjerring og eit ærend opp i åsen denne dagen.

Tømmerstokkane fekk stor fart på seg nedover lia, og uheldigvis fekk den arme kjerringa ein stokk over seg så ho miste livet. Bonden stakkar, var ute av seg av fortvilelse over kva han hadde forårsaka, og visste ikkje si arme råd for kva han no skulle gjera for husmannen, som nos at åleine med ungeflokken.

Tilfeldig kom han til å tenkje på at han hadde ein kjempestor kvitost liggjande; han var så stor som ein slipestein. Denne tok han og ga husmannen, berre som ei aldri aå lita trøyst.

Då kjerringa vel var komen i jorda og det hadde gått seg litt til, såg Gudbrand, som husmannen heitte, litt lysare på tilværet. Ein dag trefte Gudbrand ein annan seimsdøl som ga uttrykk for kor gale det var at han hadde mista kjerringa si på grunn av denne bonden.

Ja, Gudband tykte sjølvsagt også det, men så la han til på valdresdialekten sin: «De va no ikkje så ille lell, gut, for e fekk no ein gasta geitost hjå hono!»

Formidla av Inge Raa, Lærdal