logo Undredal Stølsysteri

- Ysteriet midt i verdsarven

Nyhende

Me er i gang!

Den 7. februar starta ystesesongen. No lyser det i glasa, no stig røyken opp frå pipa, no strøymer den gode lukta av kokande myse mot oss når me kjem inn i ysteriet. Me ser fram til å levere Kvit og Brun Undredal til Underdalsbui og selje osten på marknad. Saknar du Undredalsost i butikken din? Spør etter osten, så kanskje du finn han neste gong!

I fjøsen er det blitt meir mjølk på tanken etter at me sende killingane til Mobilslakt. Kanskje har du ein restaurant i nærleiken som serverer lekkert kjekjøt?

Då ser me fram til ein lang og god ystesesong. Helsing alle oss på Undredal Stølsysteri BA

Undredal i Berlin

Undredal Stølsysteri BA steppa på kort varsel inn for Underdalsbui og Visit Undredal på Grüne Woche i slutten av januar. Det vart hektiske dagar i teneste for fedrelandet og særskilt Fjord-Norge. Mange tyskarar stoppa opp og ville prate. Nokre kjende seg att på bileta av fjordar og fjell, andre ønskte å dra til Norge. Me baud dei mange slags smaksprøver av norsk mat. Den store slageren var Kvit Undredal med Skinke frå Suldal akkompagnert av plommedram frå Balholm.

Nytt år – nye killingar

Det nye året er godt i gang og me har fått mange fine, nye killingar.

Nedvaskinga på ysteriet er i full gang og andre veka i februar set me i gang med osteproduksjonen. Men før det, nærare bestemt 24.-29. januar, vil  Undredal Stølsysteri og Underdalsbui vere representert på Grüne Woche i Berlin. Kan hende me sjaoast?

Under “Kjøp og bestill”  finn du marknadsplanen vår for i år. Men følg med, følg med, for det kan komme endringar! Dei næraste marknadene vil alltid bli annonsert på framsida.

Fest i Stavanger – marknad i Bergen

Andre helga i desember var ei travel helg for Undredal Stølsysteri. Styreleiaren representerte ysteriet under finalen på Det Norske Måltid i Stavanger, og ystaren vår selde ost tre dagar til ende på Bondens Marked på Bryggen i Bergen.

I Stavanger vart det ingen gullmedlaje, men ein flott kveld i lag med 1300 andre, og ikkje minst dei to andre finalistane i klassen for årets ost. Me gratulerer Kjerrringøy Gard med gullmedaljen! Me må og nemne at kokkelaget Vestpå vann kokkekonkurransen.

I Bergen gjekk handelen så heit at me måtte få nye forsyningar til sundagens marknad. Vi deler ut ein gullmedalje til bergensarane for godt oppmøte og mange blide fjes tross regn og kulde!

No tørkar me telt, vaskar dukar og steller fint med kvitosten fram til februar. Produksjonen kjem i gang att ein av dei første dagane i månaden, så siste helga i februar tar me med rikeleg med fersk brunost, samt kvitost frå hausten 2011 til ein ny sesong med Bondens Marked på Bryggen.

God jul til alle kundar og vener av undredalsosten!

Hurra, me har nådd heilt fram til finalen i Det Norske Måltid!


Undredal Stølsysteri BA sin vellagra Kvit Undredal er blant tre ostar som skal tevle om gullmedalje i Stavanger laurdag 10. desember. Tevlinga blir sendt på TV2 sundag 11. desember. Les mer: Finalistene DNM 2011

Bondens Marked tre dagar til ende

Komande helg, 9.-11. desember blir det julemarknad på Bryggen. Undredal Stølsysteri vil vere der alle tre dagane. Me tar med oss Kvit Undredal, mellomlagra og vellagra, og Brun Undredal i heil, halv og kvart utgåve. Me tek og med ein del gåvepakningar av begge sortar.

Opningstidene er fredag 11.00-17.00, laurdag 10.00-16 og sundag 11.00-16.00

Det blir også andre aktivitetar på Bryggen denne helga. I Schöttstuene blir det design og kunsthandverkmesse alle tre dagane, og i smaua finn du Barnas loppemarked, bryggenissar, fekting, bogeskyting osv. laurdag og sundag.

Velkomne skal de vere!Julegåveidear frå Undedal Stølsysteri BA

Gull til Undredal! – Bondens Marked i Bergen!

På Landsutstillinga for gardsost, som Norsk Gardsost arrangerte i Stavanger tidlegare i år, vart Sognakvitost frå Undredal Stølsysteri tildelt gullmedalje. Det er ein kvit geitost utan tilsett salt, som har vore vanleg i Sognabygdene i fleire mannsaldrar. Me sel mykje av den når me er på marknad i Aurland, Lærdal og Luster, til dømes.  Viss du tar ein titt på “Oppskrifter” på nettsida vår, vil du finne ein del oppskrifter og bruksområde for denne osten.

Den 26. november stiller vi på Bondens Marked i Bergen. Det er ystaren vår, Huib van der Horst, som står bak disken denne gongen. Han har med seg Kvit Undredal (med salt), og Brun Undredal. Den brune er voksa, sidan det er ei stund sidan sesongslutt, og me vil at osten skal halde seg til jul og endå lenger. Vil du at me skal ta med Sognakvitost, send ein e-post, så gjer me det!

Me blir også på julemarknaden, som er 9.-11. desember same stad. Meir om det i neste nyheitsbrev.

Bonde i by’n

Ost til Gutta på Haugen

Den 7. november troppa AK Marstein frå Undredal Stølsysteri opp i butikken Gutta på Haugen med ein kasse kvitost. Den alltid venlege og smilande Dominique sto bak disken. Viss du er i Oslo, stikk innom Gutta på Haugen i Ullevålsveien 45. Der er atmosfære, rikt utval og hyggeleg mannskap!

Kvit Undredal til finalen i Det Norske Måltid!

På sundag 6. november kl 20.00 er det berre å slå på TV2. Då rullar programserien Det Norske Måltid i gang. Undredal og Undredalsosten er med. Det er venta både tull og tøys og litt alvor i programmet, men alt handlar om å profilere norsk mat. Den store finalen er sundag 11. desember. Sjekk www.detnorskemaltid.no for meir opplysningar!

Haust i Undredal

Hausten er definitivt her. Geitene er henta heim frå stølen, me har fått heim killingane som har gått på hi sida fjorden, Mobilslakt har gjort sin jobb. Hjortejakta er på det næraste over, møka er komen ut på marka. Folk og landskap går over i kvilemodus, i alle fall kan det sjå slik ut på avstand.

Me gler oss til å følge med på programmet Det Norske Måltid på TV2. Det skal gå kvar sundag fram til 11.desember. Osten vår er komen til den nasjonale finalen, og me er spente på å sjå korleis den og resten av lokalmat-Norge vert presentret for sjåarane.

Alle som har ei oppskrift, ei historie eller tips om oppbevaring av osten vår er velkomne til å sende oss ei melding. Det er stor sjanse for at ho havnar under “Oppskrifter” her på nettsida. Det er og mogleg å klikke “Bestill nyheitsbrev”, så får du e-post kvar gong me legg inn nyhende.

Ha ein fin haust, alle saman, kos dykk med ost og anna god mat!