logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Nyhende

Turistsesongen er i gang!

I dag stakk Hurtigruta Trollfjord inn til Undredal for å kjøpe ost. Utflytt undredøl Svein Roar kom i lettbåten for å hente varene. Så med dette seier me at turistsesongen er i gang. Det blir moro med liv og leven i bygda og på fjorden att!P1130121

Livleg i fjøsen

Godt nytt år til alle vener av undredalsosten! Me gjekk frå late dagar i jula til travle dagar i det nye året. Kjeinga har vore overraskande sentrert rundt den første veka i året, og bra er det for oss som skal ta imot killingane og hjelpe dei å suge og lære honene (førstegongskjearane) å bli mjølka. No byrjar rutinene å sitte, både for folk og småfe.

Kjeing liteUndredal er for tida dekt av ei lita snøkappe. Det er kaldt og fint ute, og slik håpar me å få ha det ei stund framover. På Underdalsbui er det kvitost, men sørgeleg lite brunost å få kjøpt. Men hald ut ein månad til, så skal det bli brunost på alle som vil ha!

Farvel, ostane våre!

Det er ikkje kvar dag me sender så mykje ost frå oss på ein gong. Denne veka kom ei lita dame med ein stor bil og henta ein heil palle med kvitost. Me ønskjer kvar og ein ost lukke på ferda og håpar dei blir godt mottekne der dei kjem.

Ha det, osten min!

Sølvmedalje!

Me gratulerer ystaren vår, Helge, med sølv i NM i lokalforedla mjølkeprodukt! Helge m Sognakvitost

Det var med ein nylagra Sognakvitost han gjorde det så skarpt. Sognakvitosten er ein tradisjonsost frå Indre Sogn. Me et han relativt fersk, han er fantastisk mjuk og fin i konsistensen og super til all slags middagsmat.

Betasuppe, spekesild, rakfisk, kjøtkaker osv + Sognakvitost = sant!

Langhuso!

I går buforte me fram til Langhuso med mjølkestall og mjølketank og geiter og budeier. Det er masse gras der framme. Me ser godt at det ikkje har vore hestar og halde graset nede på selbøen. No håpar me på ein god sommar med mykje mjølk og god ost.P1100797

Skal du arrangere fest i sommar?

Ønsk gjestene velkomen med kanapear: Skjer først ut firkantar av godt, heimelaga brød. Så lagar du terningar av Kvit Undredal, f.eks mellomlagra. Tre ein pinne gjennom ost og brød. Deretter kan du leike deg med skinke, bringebær, reddik, druer og alt du måtte finne i skap og hage. Kjempegodt!P1010347

Lærdalsmarknaden

Me har ei fantastisk helg med Bondens Marked og Torgdag i Bergen bak oss. Og me ser fram til ei anna stor hending: Lærdalsmarknaden på Gamle Lærdalsøyri. Når me er i Bergen har me Sognakvitosten under bordet fordi det er så lite etterspørsel, men i Lærdal er den dronninga. Sjå her kva Åshild Aga seier:

Vi avtalte at eg skulle senda eit bilete av korleis eg likar å eta Sognakvitosen. Og her er det: På ekstra godt knekkebrød og med te!
Då ønskjer me alle velkomne til vakre Lærdalsøyri på marknad 20.-21. juni. Marknaden startar dagen før, men me er på plass først laurdag.bilde

Eittåring

Kvit U 1 årDet er ein fryd å opne så flotte ostar som denne. Eitt år i dag. Den er fyldig, fin og mogen, men har sin ungdoms friskheit i behold. På Bondens Marked 30. mai og i tida framover kan du få kjøpe!

Er me heldige, eller?

Kvar elles kan ein stå på Bondens Marked og selje varene sine til munter tromming frå passerande buekorps? Nei, Bergen er byen, det er sikkert. Og i dag stemte alt: Været, folkemylderet, stemninga.Buekorps 9.5.15Takk til alle byens buekorps som skaper så mykje glede og liv i byen mellom dei sju fjell!

Ostebabyar!

Her ligg ein flokk med aldeles nye, ferske kvitostar. Dei vart til i dag, av fersk, rå mjølk frå Undredalsgeitene. No skal dei få seg ein tur i saltbadet. Så skal dei få tørke seg godt på rist nokre dagar og deretter ber det inn i mogningsrommet. P1080889Me undrar oss: Kjem dei til å skikke seg vel? Kor gamle blir dei? Kjem dei til folk som veit å setje pris på dei?