logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Nyhende

Eit under

Kvar dag er me vitne til eit under når den tyntflytande gulkvite mysa me tappar over i kjelen ila nokre timars koking blir til herlig, velsmakande brimost. Mjølk, altså!

Godt nytt år!

Me ønskjer alle osteelskarar godt nytt år med den unge garde i årets raudaste og varmaste julegåve: Huene frå storesyster Tine. 

Like før!

Siste marknad før jul blir Bondens Marked på Vågsalmenning i Bergen laurdag 16. desember. Me har leita i dei innerste krokane og tar med alt me har funne av Brun Undredal. No blir det ikkje meir å få kjøpt av oss før produksjonen startar att i februar 2018. Kvitost i ein eller annan mogningsgrad har me alltid på lager.

Me vil takke alle kundar, store og små, kvite og brune, for i år. God jul og velkomen att på nyåret!

Mjølking i verdsarven

Slik kan det sjå ut for budeia når ho skal hente dei siste geitene inn til mjølking.

Pillefantane

Før me kan sleppe pillefantane (killingane) ut langs fjorden på sommarbeite må me vere sikre på at dei «kjem på kadl», slik at me får sett til dei i løpet av sommaren. Her ser de dei skyraste (reddaste) av pillefantane våre. Dei treng tid og ro for å bli tye (tillitsfulle). Kraftfor, kos, klapp og klem er ein god metode.

Sommarmat

Me har ein ambassadør i Sverige. Han har sendt oss dette flotte bildet av ein rett med Undredalsost og mykje anna godt. Her er oppskrifta:

Kvit Undredal mellomlagra i tynne skiver, spekeskinke, flatbrød, halve løkringer, sylteagurk i små terninger, tynne flak av issalat, og tyttebærsyltetøy. Champagne!!

Liten luftetur

Geitene som vart fødde i vår er no blitt store, fine honer. Dei samlar krefter til kjeing i januar. Det er OK å vere inne i fjøsen, men det er no godt å komme ut og springe i bakkane og!

Ein vanleg dag på jobben

Rekk opp handa, alle som har ein slik veg til jobben! I dag har me vore i Morki i Nærøyfjorden, indrefileten av verdsarven Vestlandsk Fjordlandskap, for å prøve å få med oss nokre bukkar og killingar heim for vinteren. Ikkje tale om! Dei sto langt oppi brattaste lia og mekra til oss, men dei valde å bli der dei var.p1150054Me valde å la dei bli. Det kjem fleire sundagar!

Slåttonn i Undredal

Det blir sagt at her i Sogn er bakkane så bratte at me kan slå dei på begge sider. Her er ein av undredalsbøndene i gang med å slå dei eine sida av Lundsbakken. Høyrendene i framgrunnen ligg på Hjødlo, ein «hjedl» eller ei hylle i landskapet, som er flat etter vår målestokk.P1130873

Ein til far og ein til mor…

Bondens Marked sist helg: Eit par kom forbi og kjøpte med seg eit par betar Kvit Undredal. Ho valde nylagra og han eldgamal. Håpar det smakte!To kundar med Kvit UMe er på Bondens Marked på torget i Bergen to laurdagar i månaden. Neste gong er 7. mai.