logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Nyhende

Er me heldige, eller?

Kvar elles kan ein stå på Bondens Marked og selje varene sine til munter tromming frå passerande buekorps? Nei, Bergen er byen, det er sikkert. Og i dag stemte alt: Været, folkemylderet, stemninga.Buekorps 9.5.15Takk til alle byens buekorps som skaper så mykje glede og liv i byen mellom dei sju fjell!

Ostebabyar!

Her ligg ein flokk med aldeles nye, ferske kvitostar. Dei vart til i dag, av fersk, rå mjølk frå Undredalsgeitene. No skal dei få seg ein tur i saltbadet. Så skal dei få tørke seg godt på rist nokre dagar og deretter ber det inn i mogningsrommet. P1080889Me undrar oss: Kjem dei til å skikke seg vel? Kor gamle blir dei? Kjem dei til folk som veit å setje pris på dei?

Lysare tider

Det går mot lysare tider. Snøen er kosta av den lokale tankbilen, og den er sett i rute mellom bygda og ysteriet att. I går ysta me for første gong i år, og i dag vart dei første brimostane lagt i former. Snart blir det ost til folket! Vårsol på Melhus

I eit datakræsj etter jul forsvann heile lista med abonnentar til Nyhende frå Undredal Stølsysteri. Me byggjer opp att, men meld deg på igjen viss du saknar desse oppdateringane i innboksen din. Følg oss og på Facebook!

God jul!

Då var me komne til vegs ende i år og. Brimostlageret er tomt, kvitosten ligg og godgjer seg til neste år.

Me takkar for eit godt år, og ser fram til det nye med forventning. Me skal tilsette ny ystar og me skal samkøyrast med nye paktarar på det eine bruket som utgjer stølsysteriet.

Alt godt til dykk der ute – me sjaoast!

Bukkar i båt 800p

Helsing oss på Undredal Stølsysteri

Ingen Rakfiskfestival på oss i år

Tysdag 28. oktober opna alle sluser seg her vest. Elva auka til ei vassføring ingen kan hugse å ha opplevd. Ho raska med seg alt ho fekk tak i på sin ville ferd nedover dalen. Vegen vart uframkommeleg mellom bygdi og Melhus, der ysteriet er. Me kan difor ikkje vere med på Rakfiskfestivalen på Fagernes, slik som annonsert, men me prøver å halde det øvrige programmet framover mot jul.

Flaum i UndredalHeldigvis har me avslutta ystesesongen. Folk og fe har det bra. Me har ikkje mista hus og heim, slik dei har andre stader på vestlandet, så me kan ikkje klage. Me skal stelle fint med osten til me kan ta han med oss ut i verda til ein marknad nær deg!

Dei femtan bukkane Bruse

I går var me ute i Morki, ei bratt, skogkledd li ved innseglinga til Nærøyfjorden, og henta bukkane våre. I Morki har dei gjort seg feite. I dag fekk dei komme fram til Langhuso, der skal skal få vere med geitene og sikre neste generasjon. Her ser de bukkane runde kyrkja på veg til støls.Bukkane til støls 800p

Endeleg på Langhuso!

Me buforte tidlegare enn vanleg til Langhuso i år. Det har vore svært tørt, og geitene hadde bruk for nytt beite. Sundag 20. juli vandra me gamlevegen framover dalen, og no kosar me oss på selbøen. Men me har ingen ting imot litt regn no. Det blir ikkje mykje mjølk slik vêret har vore. Det blir heller ikkje mykje for til vinteren av dette flotte vêret som alle er så glade for. Langhuso morgonmjølking

Til helga blir me å finne på Olsokmarknad i Fortun. Marknaden er mellom 11.30 og 17.00. Ha ein fin sommar vidare, med variert vêr!

Høyonn

I år fekk me eit fabelaktig godt onnevær. Atle Underdal Borlaug har dokumentert arbeidet med å få høyet i hus.

Fasten seat belts og køyr film!

Det gode liv

Då var geitekillingane komne i sitt rette element. Dei beitar i dei grøne, steile fjellsidene langs fjorden utanfor Stigen. Her skal dei få leve det gode liv heilt til dei skal få møte bukkane seinare på sommaren. På bildet ser me innover Aurlandsfjorden.

Pilladn i StigabuednMe hadde ein flott dag på Bondens Marked i Bergen sist helg. No ladar me opp til travle marknadshelger i juni. Me blir å finne i Bergen, i Gaupne og i Lærdal.

God sommar til alle som les Nyhende frå Undredal Stølsysteri!

Ut!

Det er vår og tid for å komme seg ut. I dag var det ein flokk kastrerte bukkekillingar som fekk fridomen. Her står dei i traktorkarmen, klare til å komme seg ombord i båten og bli frakta over fjorden. Der skal dei få gå som dei vil og feite seg opp heilt til hausten kjem. Kva som då skjer, får me komme tilbake til seinare.

Kastratane 1000p