logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Oppskrifter

Oppskrifter og historiar

Undredal Stølsysteri ynskjer å syne korleis Undredalsosten har vorte brukt opp igjennom tidene, og korleis han vert brukt i dag. Har du eit barndomsminne, ei historie eller ei oppskrift du vil dele med andre, så send det til geitost@online.no, for delt glede gjer dobbelt glad!

  • klikk på bileta for å gjere dei større
  • klikk på tittelen på den oppskrifta du vil bruke, så kjem ho opp i eige vindu
  • klikk skrivarsymbolet oppe til venstre viss du vil ha utskrift

Sogna-snask

Ha smør oppå ei skjeve kvitost. Legg eit lag med brunost oppå. I lag med heimabakt flatbrød er detta snask!

Karoline Heimlid, frå Vik i Sogn, busett på Atløy. Var geitebudeia som 15-åring i Fresvik, og seinare eitt år i Årdal.

Tre retter på herlige opskrifter med hvid gedeost

Fra Randi www.bergenokologiskelandsby.no

Prøv både den unge og milde gedeost og den lagrede og mer pikante ost, gerne sammen, evt lidt mer af den unge ost til å begynne med.

Forårssalat med bønnespirer og ostetern (2-3 personer)

Ta forskud på foråret og lav en bønnespiresalat! Den er god sammen med en kartoffelret som den nedenfor, eller med nybagte grovboller eller fiskefrikadeller eller som tilbehør til en omelet uhm…

  • En bakke friske bønnespirer (hvis du køber en pose mungbønner, kan du let spire dem selv. Læs nedenfor hvordan)
  • En lille handful små osteterninger
  • Evt et lille tørret æble i små stykker (eller når det er æblesæson et lille økologisk æble i tern. Hvis det er økologisk er det selvfølgeligt bedst med skæl på)
  • Friske eller tørrede urter, fx purløg eller græsløg, persille eller basilikum. Friske urter er bedst at drysse over salaten, mens tørrede urter er bedst at blande i dressingen, og tørrede urter er bedre enn ingen urter.
  • Evt en lille smule salt, men det er ikke nødvendigt

Lav så en dressing af:

  • 2 spiseskeer norsk rapsolie eller olivenolie
  • 1 spiseske æblecideræddike (eller citronsaft fra en økologisk citron, for da kan du også bruge skallen i neste opskrift)
  • 1 spiseske honning, gerne vestlandshonning: prøv en af de mange fine honningtyber fra Søylands bigård

Hæld dressingen over og lad salaten stå og trække i 5 – 10 min. Ikke i køleskab, for osten smager bedst når den har stået et stykke tid i stuetemperatur.

Sådan dyrker du knasende sprøde og vitaminrige bønnespirer:

Mungbønner kan du købe i enhver invandrerbutik (og de er de bedst at begynde med).

Dyrk selv dine bønnespirer ved at legge en lille håndful mungbønner i et glas med lunken vand natten over. Hæld neste dag vandet fra og skyl bønnerne. Sorter evt misfarvede frø fra. Set så frøene i et køkkenskab (da bliver spirerne hvide, men får de lys, bliver de grønne), og skyl dem igen om aftenen og igen næste morgen. Du ser allerede efter en dag at bønnerne begynder at spire lidt, og efter 2-4 dage er de blevet bønnespirer.

Bønnerne skal kun skyldes, ikke ligge i vand, andet end den første nat eller dag. Når spirerne er ferdige, kan de holde seg i køleskabet i en uges tid hvis de bliver opbevaret i en skål med låg. De kan bruges til og i salat, som pynt på brød og suppe, i kina- og wokretter, og de er bedst rå. De skal ikke koge, så de bliver bløde og slappe.

Hvidkålssalat med ostetern og æblestykker

  • 1 lille eller ½ fintsnittet kvidkålshovede
  • 1 god håndful små osteterninger
  • evt  1 tørret æble i små stykker – eller frisk æble når vi har æblesæson
  • evt 1 lille håndful sultane-rosiner (lyse, tyrkiske rosiner. Enhver invandrerbutik har lyse rosiner)
  • evt 1 teskeful anis-, fennikel- eller kommenfrø (no: karvefrø). Læg dem i blød i en kop kogende vand i 5 min.
  • Honningdressing som ovenfor

Bland alle dele, hæld dressing over, og lad gerne alt stå og trække i 1 time eller længere. Hvis du ikke er vant til at spise kål, så kan du give den snittede kål et ganske hurtigt opkog i lidt kogende vand, evt sammen med anis-, fennikel- eller kommefrø (no: karvefrø), som hjælper ved fordøjelsen af kål.

Kålsalat er god sammen med en kartoffelret som den som står nedenfor, og med brød til. Laver du for meget, har du næste dag en enkel madpakkesalat som du kan ta med på arbejde eller i skole.

Ovenbagt kartoffelret med smeltet gedeost

  • 2-4 kogte kartofler, gerne med skæl
  • 1 lille løg, skåret i små stykker
  • 1 tyk skive hvid gedeost i tern eller tynde skiver af den unge gedeost til at lægge over kartoflerne
  • urter til at drysse over når kartoflerne kommer ud af ovnen
  • olie eller smør
  • uraffineret groft havsalt

Har du en rest med 2-3 kogte kartofler fra i går eller forgårs, så skær dem i skiver og læg dem i ovnfast fad som du har smurt med olie eller smør. Hæld et par spiseskeer olie over, drys med løgstykker og drys havsalt over. Sæt kartoffelretten i ovnen.

Bag retten i 15-20 min og læg så ostetern eller -skiver over. Sæt retten ind i ovnen igen i 5-10 min eller indtil osten er smeltet. Server retten med bønnespiresalat eller hvidkålssalat og rugbrød eller knækbrød til.

Ostestenger, oppskrift for 250 g ost

250 g riven vellagra ost
2 ½ dl kveitemjøl
150 g smør
Ev. 1 lite fedd kvitløk
Ev. 2 ts finmalen skorakung
3 ½ ss iskaldt vatn
Ev. samanpiska egg til pensling

For hand:
Smuldre smør og mjøl, og etter kvart ost, med fingertuppane. Tilset vatnet, arbeid deigen raskt saman og set han i kjøleskap ein times tid. Han vert då lettare å kjevle ut.

I matmeltar:
Køyr nokre sekundar blandinga mjøl, smør og raspa ost til blandinga vert som store gryn. Drypp så i vatnet gjennom matrøret medan maskina er i gang. Deigen er ferdig når han byrjar å forme seg til ein ball. Hald fram som skildra over.

Kjevle tynt ut, ca 2-3 mm, pensle med egg, dryss med litt riven ost. Skjær i 1 cm breie stenger med pizzarull. Steikast i omnen ved 225° C i 10-12 min, kjøl ned på rist, oppbevar i tett boks

Hvit geitost stekt over glørne på et døende peisbål

Dette er hyttetradisjonen vår i Valdres:

Etter å ha kommet i orden på hytta og lufta ut «råmen» med et godt peisbål setter vi oss rundt peisen.

På brettet ligger kubber av Kvit Undredal, i glassene er det akevitt, og brød, kjeks eller flatbrød er tilbehør.

Vi stikker osten på grillspyd og lar den smelte over peisglørne. Herlig! Smaken kan ikke beskrives – hver og en må prøve selv. Toppen av velvære, spør du meg!

Grete Maren, Bergen

Kosemat ein sumarkveld

kosematKvit Undredal
Spekeflesk
Honningmelon og vannmelon
Jordbær eller andre bær til pynt

Skjer kvitosten i kubbar, skjer spekeflesket i små skjever og rull dei saman. Skjer melonen i skjever. Anrett alt på eit fat. Set store tannstikker i melonskalken. Dei skal vere til å forsyne seg med. Legg flatbrød eller loffskjever innimellom.

Denne lille kveldsretten smakar godt med eit glas kvitvin eller eplesaft frå Balholm safteri.

Kjellaug Knutsen, Flåm

Underdalspirogar – ein fin liten kveldsrett

300 g butterdeig
1 eggeplomme

Fyll:
Raspa Kvit Undredal
Paprika
Sennep
Evt litt løk/kvitløk og bruna kjøtdeig
Skorakukng, salt og pepar

Slik gjer du:
Finhakk ingrediensane, bland saman og smak til med krydder. Kjevle ut deigen til 33 x 33 cm. Skjer i 9 kvadrat a 11 cm. Fordel fyllet på kvadrata, pensle med eggeplommen og brett over slik at det blir ein trekant.
Trykk deigkantane saman med ein gaffel og legg pirogane på eit steikebrett som er fukta med vatn. Steik dei gyllenbrune i omn ved 225 ° i 12 – 15 minutt.

Et med salat og eplesaft frå Balholm

Gasta ost!

Sidan underdølene er kjende for å ha den beste osten i heile Sogn, må eg bidra med denne historien. Den vitnar om at osten i gamle dagar hadde stor betydning i hushaldet:

Ein bonde i Seimsdalen var ein dag reist opp i marka for å løypa tømmerstokkar på den snødekte og frosne marka. Tilfeldig hadde ei husmannskjerring og eit ærend opp i åsen denne dagen.

Tømmerstokkane fekk stor fart på seg nedover lia, og uheldigvis fekk den arme kjerringa ein stokk over seg så ho miste livet. Bonden stakkar, var ute av seg av fortvilelse over kva han hadde forårsaka, og visste ikkje si arme råd for kva han no skulle gjera for husmannen, som nos at åleine med ungeflokken.

Tilfeldig kom han til å tenkje på at han hadde ein kjempestor kvitost liggjande; han var så stor som ein slipestein. Denne tok han og ga husmannen, berre som ei aldri aå lita trøyst.

Då kjerringa vel var komen i jorda og det hadde gått seg litt til, såg Gudbrand, som husmannen heitte, litt lysare på tilværet. Ein dag trefte Gudbrand ein annan seimsdøl som ga uttrykk for kor gale det var at han hadde mista kjerringa si på grunn av denne bonden.

Ja, Gudband tykte sjølvsagt også det, men så la han til på valdresdialekten sin: «De va no ikkje så ille lell, gut, for e fekk no ein gasta geitost hjå hono!»

Formidla av Inge Raa, Lærdal

Oppskrifter med kvit geitost

Rista kvitost
Til denne kveldsretten kan du godt bruke tørr, «ubrukeleg» ost.
Skjer osten i terningar.
Varm steikepanna godt opp. Ha i litt olje og krydder, evt kvitløk.
Ha osten i panna. Rist litt på panna av og til, så osten ikkje set seg fast.

Speilegg med osterasp

Steik speilegg.
Rasp kvitost over under steiking.

Salat med kvitost
Blandsalat.
Rasp kvit geitost og strø over

Kjøtkaker med kvitost
Mal kjøtet til kjøtdeig.
Rasp kvitost og tilset i lag med løk

Tytebercoli
Knus 1 dl tyteber
Ha i 1 ts sukker, ½ dl kvitvin og ½ eggeplomme
Visp saman
Et i lag med løvetannsalat og sognaost

Fikenchutney
Skjer fiken i tynne skiver. Kok dei i litt vatn til dei er møyre
Ha i saft av lime eller sitron. Kok opp att.
Ha i litt konjakk og server med kvit geitost

Fikenskjeve
Ta ei brødskjeve og rist i olje
Legg på ei skjeve med kvitost
Topp med litt fikesyltetøy

Fingermat-potekake
Smør ei potekake/vestlandslefse med romme
Legg på nokre salatblader
Strø på løk eller purre
Legg på spekeskinke, spekekjøt eller spekepølse
Strø over ost
Rull saman, kutt i bitar, set tannpirkar i og server!