logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Ostane våre

Brun Undredal

Brun Undredal er ein «brimost» laga frå nysilt geitemjølk, kufløyte og løype, og er kokt med vedfyring i pakt med tradisjonen.

Sommaren 2005 vedtok organisasjonen Slow food å opprette det første norske Presidiet. Denne æra vart tildelt «Brimost frå Sogn» representert ved Brun Undredal frå Undredal Stølsysteri. Les meir om slow food på www.slowfood.no

Brun Undredal bør oppbevarast kjøleg, godt innpakka eller aller helst under osteklokke.

Kvit Undredal

Kvit Undredal er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur, løype og salt.

Den spring direkte ut av tradisjonen men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum.

Kvit Undredal finst i fire mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd), vellagra (6-12 mnd) og eldgamal (>12 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.

Kvit Undredal Vellagra vart kåra til Årets ost under Det norske måltid 2012. Kvit Undredal Eldgamal fekk gullmedalje uner World Cheese Awards i Bergen hausten 2018.

 

Sognakvitost

Sognakvitosten er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur og løype.

Denne osten representerar ein tradisjon som er felles for dei indre Sognebygdene. Difor kallar vi den usalta kvitostvarianten vår for Sognakvitost. Sognakvitosten vart, og blir framleis brukt i det daglege kostholdet til middag og saltmat, særleg av dei eldre sogningane.

Osten finst i tre mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd) og vellagra (6-12 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.

  • Brun Undredal

    Kvit Undredal

    Sognakvitost