Brun Undredal
Brun Undredal er laga av fersk geitemyse og geitemjølk og inntil 7,5 % kufløyte. Den er kokt i åtte timar i opne kar med flisfyring.
Sommaren 2005 vedtok organisasjonen Slow Food å opprette det første norske Presidium. Denne æra vart tildelt “Brimost frå Sogn”, representert ved Brun Undredal frå Undredal Stølsysteri. Les meir om Slow Food på www.slowfood.no
Oppbevaring
Oppbevar osten kjølig, godt innpakka i originalemballasje eller under osteklokke
Bruksområde
Brun Undredal egnar seg godt som pålegg på brød, knekkebrød og vaflar. Kan også brukast som smakshever i sausar ol.
Emballasje
Gåvepakning 500 gram
Gåvepakning 190 gram
Vert seld i lausvekt på marknader, i gardsbutikkar og delikatesseforretningar og på bestilling hjå www.visitundredal.no.
Ein heil Brun Undredal veg om lag 1,5 kg.
Matpakkefavoritt
Brun Undredal er ein favoritt på brødskiva for mange. Som pålegg hald brunosten seg godt, og er et næringsrikt og smakfullt alternativ.
Havrevaflar med Undredalsrullar
100 g smør
5 egg
1,5 dl sukker
1 beger lettrømme
3,5 dl kveitemjøl
1,5 dl havregryn eller ei blanding av havregryn og havrekli
5 dl mjølk
1 ts bakepulver
1/2 ts kardemomme
Pisk egg og sukker til eggedosis. Ha i mjølk, mjøl, havregryn/havrekli og rømme, og bland godt. Ha i smelta smør, sukker, kardemomme og bakepulver. Bland alt til ei jamn røre.
La røra svelle i minst 15 minutt, gjerne litt lenger. (Dersom røra skal stå veldig lenge, så sett ho i kjøleskap.) Dersom røra verkar for tjukk når du skal steike vaflane, kan du spe med litt kaldt vatn eller meir mjølk. Steik og server varme med samanrulla brunostskjever.





