logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Kvit Undredal

Laga av nysilt (rå) geitemjølk, syrekultur, løype og salt. Osten finst i fire mogningsgrader: nylagra, mellomlagra, vellagra og eldgamal.

Kvit Undredal spring direkte ut av sognetradisjonen, men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum.

Oppbevaring

Oppbevar osten kjølig, godt innpakka eller i osteklokke. Temperer før måltidet.

Bruksområde

Kvit Undredal høver som smakshever i varme og kalde rettar. Som pålegg, i salatar, pizza, pasta, supper, pai, ostestenger og tortilla. Bruk osten riven, skoren i flak eller i bitar. Eignar seg også attåt supper og gryterettar.

Går godt i lag med: aprikospuré, spekeskinke, melon, oliven, godt brød, soltørka tomat og chutney av alle slag.

Sal

Vert seld på marknader, i gardsbutikkar og delikatesseforretningar og i nokre kjedebutikkar.
Ein heil kvitost veg om lag 3 kg

Tomatsuppe med Kvit Undredal og mynte

(2-3 porsjonar)
1 lauk
2 gulrøter
2 boksar hermetiske tomatar
1 ss tomatpuré
2 ss søt chilisaus
1 ss olivenolje
2 ss soyasaus
salt
pepar
1 kvitlauksfedd
100 gram Kvit Undredal (evt. Sognakvitost)
Fersk mynte

Skjer lauken og gulrøtene i små biter og kok det i ein kjele med litt vann i 10-15 minuttar. Tilsett hakka kvitlauk, chilisaus, tomatpuré og tomatboksar og bland alle ingrediensane med stavmiksar og kok opp suppa. Dersom suppa er for tjukk, tilsett meir vatn/mjølk, eller fløyte for ein meir avrunda smak. Servér med raspa eller oppskoren Kvit Undredal og ferske mynteblad.

Kosemat ein sumarkveld

Denne vesle kveldsretten smakar godt med eit glas kvitvin eller eplesaft frå Balholm Safteri.

Kvit Undredal
Spekeflesk
Honningmelon, vassmelon, Piel de Sapo-melon
Evt. jordbær eller andre bær til pynt

Skjer kvitosten i kubbar, skjer spekeflesket i små skjever og rull dei saman. Skjer melonen i skjever. Legg alt på eit fat. Legg flatbrød eller loffskjever innimellom.

(Kjellaug Knutsen, Flåm)

 

  • Brun Undredal

    Sognakvitost