logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Sognakvitost

Sognakvitosten er laga av nysilt (rå) geitemjølk, syrekultur og løype. Osten finst i tre mogningsgrader: nylagra, mellomlagra og vellagra.

Osten frå Undredal representerer ein tradisjon som var felles for dei indre Sognebygdene. Difor kallar vi den usalta kvitostvarianten vår for Sognakvitost. Sognakvitosten vart, og blir framleis brukt, i det daglege kosthaldet til middag og saltmat.

Oppbevaring

Oppbevar osten kjølig, godt innpakka i originalemballasje eller i osteklokke. Temperer før måltidet.

Bruksområde

Sognakvitost har ein mildare smak enn Kvit Undredal fordi han ikkje er salta. Derfor egner Sognakvitosten seg godt i kombinasjon med anna mat som har ein sterk, salt eller syrlig smak. Ein kan til dømes bruke han i staden for rømme eller milde ostar som mozarella. Tradisjonelt vert han brukt i lag med spekesild, rakfisk og spekekjøt.

Emballasje

Gåvepakning 250 gram

Vert seld i lausvekt på marknader, i gardsbutikkar og delikatesseforretningar og på bestilling hjå www.visitundredal.no.
Ein heil kvitost veg om lag 3 kg

Betasuppe

Supper er god og næringsrik mat. Med Sognakvitost og brødmat som tilbehør, blir denne retten ei smakfull oppleving. Betasuppe kan lages i mange variantar av de råvarene ein har. Her er et forslag. Du kan prøve deg frem og lage din eigen versjon.

Ca. 1- 1,5 kg grytekjøtt (gjerne ulike typar kjøtt og gjerne blanda salt og ferskt)
Rotfrukt av forskjellig slag
Grønsaker
Krydder, urter og smakstilsetningar
Vatn
Sognakvitost

La kjøtet trekke i to til tre timar med krydder og smakstilsetningar etter eige ønskje. Forslag: lauk i båtar, gulrøter i bitar, eplebåtar. Urter som løpstikke, timian, rosmarin, chili, heil peppar. Om du ønskjer ein meir eksotisk vri på det, kan du ha i nokre heile kardemommefrø, nokre skjever fersk ingefær, ei lita kanelstang og nokre spiseskeier kaffi.

Når kjøttet er mørt, tar du det ut av kjelen. Sil krafta gjennom et dørslag. Kok rotfrukter i terningar i krafta. Forslag: gulrøter, kålrot, potet, persillerot. Og suppler med bønner, sukkererter, brokkoli eller paprika etter ønskje.

Plukk kjøtet reint og i småbitar, og legg det tilbake i gryta. Smak til med salt og peppar, buljongterning, østerssaus, chilisaus og fleire grøne urter.

Server saman med sjenerøse bitar Sognakvitost og flatbrød, lefse eller brød.

  • Brun Undredal

    Kvit Undredal