logo Undredal Stølsysteri

– Ysteriet midt i verdsarven

Stølsdrift

Stølane

Beitebruk og stølsdrift har vore og er framleis grunnlaget for Undredal som landbruks- og ostebygd. Stølsdrift er økologi i praksis, bygt på eit unikt samspel mellom naturen, menneska og dyra. Etter kvart som våren kryp oppover mot fjellet og friskt, saftig gras veks fram frå steinurda flytter geitene og budeia etter.

I dag er det eitt vårbeite og to stølar i drift i Undredal. Når sola byrjar å varme på geitehusveggen i andre halvdel av april, byrjar vi å trene geitene til livet ute. Etter nokre dagar med forsiktig overgang, slik at sarte jur får herde seg mot sol og vind, vert geitene slepte på beite langs med fjorden ut mot Stokko.

Like før 17. mai bufører vi til stølen Melhus der vi driv fellesstøl, vegg i vegg med Undredal Stølsysteri. Om kveldane kan geitene beite heilt opp til Tvenningastølen på rundt 1000 meter, men dei kjem trufast ned att til mjølkinga kl. 6 neste morgon.

Den 25. juli bufører vi til Langhuso som ligg på 300 meter over havet. Her opnar det seg nye friske beitedalar mot Botn og Jonadalen. I tidlegare tider då det var mykje større press på beiteressursane enn no, var det fleire fjellstølar i aktiv bruk. Draumane mange har om livet på stølen, er meir enn romantikk. Vel er det hardt arbeid, men dei som evnar å parkere klokka og møteavtalane nokre veker, og let seg falle inn i arbeidet, geitene og dagslyset sin rytme, kan framleis oppleve noko av det gode stølslivet.

Geitene

Geitene i Underdal er av rasen Norsk mjølkegeit. Dette har vore den dominerande rasen i Noreg sidan dei gamle landrasane, som telemarksgeit, dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit, vart slegne saman. Det skal vere kring 50 000 slike geiter i landet vårt i dag. Rasen stammar frå den nord-europeiske landrasegeita og har i nyare tid vore lite påverka av utanlandske rasar, bortsett frå nokre spreidde importar av saanengeit.

Norsk mjølkegeit har stor variasjonsbreidde når det gjeld farge, fargekombinasjonar og fargemønster. Geitene kan ha kort eller langt ragg, vere kodlete eller hodnete og ha lite eller mykje botnull (kasjmirull). Kroppsbygnaden kan og variere mykje. Ei gjennomsnittleg mjølkegeit veg rundt 50 kg. Ho produserar i gjennomsnitt 600 kg mjølk pr år. Fleire opplysningar om den norske geita finn du på nettsida til ”Norsk sau og geit”, www.nsg.no

“Friskare geiter”

Geitene i Undredal vart sanerte i 2006. Det vil seie at killingane som vart fødde dette året vart tekne frå mora utan at mor og killing fekk ha kroppskontakt, og utan at killingen fekk suge mora. Killingane vart oppalne på råmjølk frå ku og surmjølk i Vassbygdi, som ligg 30 km frå Undredal. Om sommaren gjekk dei på fjellbeite i Avdalen, ein sidedal til Utladalen i Årdal, som ligg 100 km vekke. Same haust vart alle dei vaksne geitene slakta og fjøsane vart totalrenoverte og til dels bygde om, før dei drektige killingane vart sette inn for vinteren.

Alt dette gjorde bøndene som eit ledd i ein landsomfattande aksjon for å bekjempe tre sjukdomar på geit: CAE (caprin artritt encephalitt), byllesykje og paratuberkulose. Til no har dei gjennomførte tiltaka hatt god effekt. Me har ikkje sett noko til dei tre sjukdomane, og geitene mjølkar betydeleg betre enn før. Aksjonen heiter “Friskare Geiter”. Du kan lese meir om den på adressa www.leine.no/htg/sanering