Ostane våre:
Ostane våre er laga av fersk, rå mjølk frå våre eigne geiter. Me ystar mjølka frå kvelden før og same morgon og mjølka går rett i ystekjelen utan varmebehandling. Me ystar måndag til fredag frå februar til oktober. Storesyster Tine tar imot overskotsmjølka vår.
Sidan me lagar både brunost og kvitost går ingen del av mjølka tapt. Mjølk inn – ost ut!

Brun Undredal
Brun Undredal er ein «brimost» laga av geitemyse, geitemjølk og kufløyte og kokt på ved, i pakt med tradisjonen
Sommaren 2005 vedtok organisasjonen Slow food å opprette det første norske Presidiet. Denne æra vart tildelt «Brimost frå Sogn» representert ved Brun Undredal frå Undredal Stølsysteri. Les meir om Slow Food på www.slowfood.no
Brun Undredal bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller aller helst under osteklokke.

Kvit Undredal
Kvit Undredal er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur, løype og salt.
Den spring direkte ut av tradisjonen, men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum.
Kvit Undredal finst i fire mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd), vellagra (6-12 mnd) og eldgamal (>12 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.
Kvit Undredal Vellagra vart kåra til Årets ost under Det norske måltid 2012. Kvit Undredal Eldgamal fekk gullmedalje under World Cheese Awards i Bergen hausten 2018.
Kvit Undredal Vellagra vart kåra til «Bästa osten» i Nordic Cheese Mongers kåring sommaren 2023. Den konkurrerte med 26 andre ostar.

Sognakvitost
Sognakvitosten er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur og løype.
Denne osten representerar ein tradisjon som er felles for dei indre Sognebygdene. Difor kallar vi den usalta kvitostvarianten vår for Sognakvitost. Sognakvitost vart, og blir brukt, i det daglege kostholdet til middag og saltmat, særleg av dei eldre sogningane.
Osten finst i to mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.
Sognakvitosten vart nummer sju i superfinalen i NM i ost 2022.