Velkomen til
Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
Velkomen til
Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
Velkomen til
Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
– Ysteriet midt i verdsarven
I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det blitt laga ost av eiga mjølk.
Dei tre familiane som står bak Undredal Stølsysteri SA har losa denne stolte tradisjonen over i det moderne matlandskapet. Som det første geitostysteriet i Noreg har vi full autorisasjon for produksjon og sal i heile Europa av kvit og brun ost. Og dette utan å måtte frårøve mjølka hennar beste kvalitetar gjennom pasteurisering. Dette gjer at vi som lokalt ysteri også kan rekne oss som del av ein stolt europeisk tradisjon, der kvalitet ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet.