Ønskjer du å kjøpe ost i Undredal?

Undredal Bryggje er open i sommarhalvåret. Der kan få kjøpt Kvit og Brun Undredal og spekepølse av geit frå Undredal. På restauranten kan du få kjøpt kalde og varme, salte og søte produkt frå Undredal Stølsysteri og andre lokale produsentar. Du finn og eit rikt utval av drikkevarer. 

Underdalsbui er open om vinteren frå 10.00 til 17.00 måndag til fredag, og til 15.00 på laurdag. Der kan du få kjøpt Kvit og Brun Undredal, spekepølse av geit, kjekjøt, honning og annan lokalmat. Om sommaren er butikken open kvar dag og har lengre opningstid.

Velkomen til Undredal!

Ønskjer du å bestille ost? 

Privatkunde: Klikk her! Bedriftskunde: Klikk her!

Undredal Stølsysteri

5746 Undredal

Tlf 57 63 17 63 / 907 18 655

E-post geitost@online.no

Tlf 907 18 655
E-post geitost@online.no

Ostane våre:

Ostane våre er laga av fersk, rå mjølk frå våre eigne geiter. Me ystar mjølka frå kvelden før og same morgon og mjølka går rett i ystekjelen utan varmebehandling. Me ystar måndag til fredag frå februar til oktober. Storesyster Tine tar imot overskotsmjølka vår.

Sidan me lagar både brunost og kvitost går ingen del av mjølka tapt. Mjølk inn – ost ut!

Brun Undredal

Brun Undredal er ein «brimost» laga av geitemyse, geitemjølk og kufløyte og kokt på ved, i pakt med tradisjonen

Sommaren 2005 vedtok organisasjonen Slow food å opprette det første norske Presidiet. Denne æra vart tildelt «Brimost frå Sogn» representert ved Brun Undredal frå Undredal Stølsysteri. Les meir om Slow Food på www.slowfood.no

Brun Undredal bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller aller helst under osteklokke.

Kvit Undredal

Kvit Undredal er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur, løype og salt.

Den spring direkte ut av tradisjonen, men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum.

Kvit Undredal finst i fire mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd), vellagra (6-12 mnd) og eldgamal (>12 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.

Kvit Undredal Vellagra vart kåra til Årets ost under Det norske måltid 2012. Kvit Undredal Eldgamal fekk gullmedalje under World Cheese Awards i Bergen hausten 2018.

Kvit Undredal Vellagra vart kåra til «Bästa osten» i Nordic Cheese Mongers kåring sommaren 2023. Den konkurrerte med 26 andre ostar.

Sognakvitost

Sognakvitosten er ein halvfast kvit geitost laga av nysilt (upasteurisert) geitemjølk, syrekultur og løype.

Denne osten representerar ein tradisjon som er felles for dei indre Sognebygdene. Difor kallar vi den usalta kvitostvarianten vår for Sognakvitost. Sognakvitost vart, og blir brukt, i det daglege  kostholdet til middag og saltmat, særleg av dei eldre sogningane.

Osten finst i to mogningsgradar: nylagra (2-3 mnd), mellomlagra (3-6 mnd). Den bør oppbevarast kjølig, godt innpakka eller under osteklokke. Tempererast før måltidet.   

Sognakvitosten vart nummer sju i superfinalen i NM i ost 2022.

Share by: