
Velkomen til Undredal Stølsysteri
- ysteriet midt i verdsarven
I Undredal er det å lage ost uløyseleg knytt til bygda sin identitet. Så langt attende vi kan spore og fram til i dag har det utan opphald blitt laga ost av eiga mjølk.
Dei tre familiane som står bak nyskapinga Undredal Stølsysteri BA har losa denne stolte tradisjonen over i det moderne matlandskapet. Som det første geitostysteriet i Noreg har vi full autorisasjon for produksjon og sal i heile Europa av kvit og brun ost. Og dette utan å måtte frårøve mjølka hennar beste kvalitetar gjennom pasteurisering. Dette gjer at vi som lokalt ysteri også kan rekne oss som del av ein stolt europeisk tradisjon, der kvalitet ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet.
Nyhende
Nytt år – nye killingar
Det nye året er godt i gang og me har fått mange fine, nye killingar.
Nedvaskinga på ysteriet er i full gang og andre veka i februar set me i gang med osteproduksjonen. Men før det, nærare bestemt 24.-29. januar, vil Undredal Stølsysteri og Underdalsbui vere representert på Grüne Woche i Berlin. Kan hende me sjaoast?
Under “Kjøp og bestill” finn du marknadsplanen vår for i år. Men følg med, følg med, for det kan komme endringar! Dei næraste marknadene vil alltid bli annonsert på framsida.
Fest i Stavanger – marknad i Bergen

Andre helga i desember var ei travel helg for Undredal Stølsysteri. Styreleiaren representerte ysteriet under finalen på Det Norske Måltid i Stavanger, og ystaren vår selde ost tre dagar til ende på Bondens Marked på Bryggen i Bergen.

I Stavanger vart det ingen gullmedlaje, men ein flott kveld i lag med 1300 andre, og ikkje minst dei to andre finalistane i klassen for årets ost. Me gratulerer Kjerrringøy Gard med gullmedaljen! Me må og nemne at kokkelaget Vestpå vann kokkekonkurransen.
I Bergen gjekk handelen så heit at me måtte få nye forsyningar til sundagens marknad. Vi deler ut ein gullmedalje til bergensarane for godt oppmøte og mange blide fjes tross regn og kulde!
No tørkar me telt, vaskar dukar og steller fint med kvitosten fram til februar. Produksjonen kjem i gang att ein av dei første dagane i månaden, så siste helga i februar tar me med rikeleg med fersk brunost, samt kvitost frå hausten 2011 til ein ny sesong med Bondens Marked på Bryggen.
God jul til alle kundar og vener av undredalsosten!
Næraste marknader
| Mnd | Dato | Stad | Marknad |
|---|---|---|---|
| Februar | Laurdag 26. | Bergen | Bondens Marked, Bryggen |
| Mars | Fredag 2.-laurdag 3. | Vulkan, Oslo | Nasjonalt Bondens Markd |
| April | Laurdag 28. | Bergen | Bondens Marked, Bryggen |
Oversikt over alle marknader og utsalsstader finst her.
Dersom de ynskjer kontakt med oss på ysteriet, så send ein e-post til geitost@online.no. Ynskjer de å bestille ost, så send ein e-post til underdalsbui@visitundredal.no, eller ring 5763 3080



